foto: Thor Hauknes

Kontaktperson: Bjørn Kåre Odde

Telefon: 99547098

Bjørn Kåre Odde - "Folk Chamber"

Bjørn Kåre Odde – fele
Vegar Vårdal – fele
Marius Westling – fele og bratsj
Elin Marie Christensen – bratsj
Ida Malene Christensen – cello
Jo Fougner Skaansar – kontrabass

«Folk Chamber» – kammerfolk
Bjørn Kåre Odde har som utøvande musikar vore med på meir enn 20 plateprosjekt. Men i fylgje han sjølv er «Folk Chamber» (2021) debutalbumet hans. Dette er, som tittelen tilseier, kammermusikk, og repertoaret består av hans vakre, enkle og underfundige melodiar i ulike strykebesetningar.

Det er alltid den norske folkemusikken som ligg til grunn i Odde sine stykker, og hans måte å komponere på – om det er for kor, orkester eller eit lite ensemble – har fått merksemd langt utover landegrensene.