foto: Vegard Breie

Kontaktperson: Rannveig Øygardslia

Telefon: 97556457

Mamelukk Dansekompani

Selma French Bolstad – vokal, hardingfele, fele/fiolin
Solveig Wang – tangenter, elektronika, vokal
Silje Onstad Hålien, Anita Vika Langødegård, Solveig Hårdnes, Brigitte Halldis Hegge Blomlie, Margit Myhr – dans og vokal

Framsyninga Livmødre er basert på tradisjonell folkemusikk- og dans. Koreografi av Silje Onstad Hålien, komposisjon og musikalsk bearbeiding av Selma French Bolstad, i samarbeid med Solveig Wang.
Framsyninga består av dans, både tradisjonell folkedans og moderne samtidsdans, og musikk/lydbilete basert på norsk folkemusikk med ei rekke overraskande og uventa element. Det er nyskapande, fengande, sårt og med kraftig driv. Med live musikk frå to musikarar som er på scena under heile framsyninga fungerer stykket like godt som ein konsert, og dansarane bidreg også med tekst og vokal.

Sju kvinnelege utøvarar tematiserar syklusar og overgangar og korleis kroppen (og kunsten) blir påverka av desse, vha av hallingdans som gjennom alle år har vorte utvikla av og for menn. Med røter i folkemusikk og folkedans har dei utforska, utfordra og utvikla både lydbilete og dansespråk, og vha kraft, driv, humor, sårbarheit og openheit har resultatet vorte ei nyskapande framsyning som har hausta gode kritikkar.

«Kvinnekroppen endrar seg i naturleg syklus kvar månad, og gjennom store overgangar som å bli mor. 5 kvinnelege dansarar utforskar korleis desse overgangane kan tematiserast i hallingtakt. Er det mogeleg å uttrykke noko av det mest kvinnelege som finst gjennom ein dans som alltid har vore utvikla på menn sine premissar? Gjennom kreativ prosess rundt menstruasjon, eggløsning og graviditet har me leita etter ny dans via opprivne magemusklar og hattespark som aldri har vorte hylla. Me ynskjer å vise eit rått og ærleg bilde av korleis det er å vere kvinneleg hallingdansar. Og kanskje er det ein ny type tradisjonsdans som kjem ut på andre sida.»

Promo 6 min: https://vimeo.com/687894291/a61f700a56
Fulldokumentsjon (total lengde 57 minutt, kan sjølvsagt kortes ned for visning på Innpuls): https://vimeo.com/691763580/cba367c9a8