Innblikk

Kronikk: Ansvarleg kulturpolitikk?

Av: Kunstnerisk leder i Musikk i Innlandet, Solbjørg Tveiten

2022 var starten på ein omfattande endring i samfunnet. Ser eg meg tilbake kan eg skjøne at noko måtte vente den gong. Same argumentasjon fem år seinare skjønar eg mindre av, og den har ei slagside. Krig som forklaring på manglande ressursar til kultur kan lamme ordskifte. Denne retorikken spelar ikkje aktørane i kunst- og kulturfeltet gode, men gjer mogelegheita til å sjå det i samanheng med forsvarsevne ringare. 

Musikk i Innlandet står midt i dette spennet mellom internasjonal storpolitikk og kvardagslege budsjettprioriteringar. I framlegg til statsbudsjett for 2027 er den statlege løyvinga til verksemda vår fjerna. Når våpen vert sett opp mot kultur er sanninga om kultur som beredskap usann. Ord er fattige utan innhald og innhald vert nettopp berre ord om det ikkje vert til handling. Omgrepet kulturell beredskap ser ut til å bestå, utan at det føl forpliktingar og naudsynt ressurs med for å sikre denne delen av beredskapen. 

«Vi vant den kalde krigen, ikke fordi vi hadde flest raketter, men på grunn av verdiene våre.» 
Barack Obama sitert i boka «På min vakt» Stoltenberg, 2025.

Ei tid med auka kostnader, polarisering og ytre trugslar krev meir. Kulturpengane må kunne reknast som lommerusk i den store samanhengen. Likevel er det nettopp den store samanhengen som er grunnlaget og argumentet for ein meir føreseieleg kulturpolitikk. Manglar det ein bevisst haldning til samanhengen søkk argumenta som ein stein i Mjøsa.  

Skal me ha ein debatt vil eg ha betre argument, men aller helst vil eg at det som vert fortalt er sanning. Sanninga om at kultur er viktig i eit demokrati, for samhaldet og for vår motstandskraft når me vert pressa. Å setje noko viktig opp mot noko anna viktig legitimerer ikkje at ein ikkje nådde måla. Tenk om det var mogeleg med langsiktig innsats mot klåre mål. Om dette var sanninga ville me lukkast med å skape eit samfunn med mindre polarisering. 

Det er ikkje ei kulturpolitisk oppgåve å forklare manglande prioritering med behovet i andre sektorar. Når me veit at kultur alltid er utsett både lokalt, regionalt og nasjonalt er deira oppgåve å alltid sikre kulturen. Me treng kulturpolitikarar som aldri gjer seg. For kjempar ikkje dei er det ingen som gjer det.

Vev eit teppe med solid vev så det ikkje vert eit lappeteppe som må bøtast kvart år. Ein samfunnsvev med solid tråd vil sikre at våre felles verdiar ikkje raknar når krisane råkar.

På trykk i Klassekampen 31.10.2026.

Nyheter

Få informasjon om konserter, nye prosjekter og faglig påfyll. Du kan sikre deg billetter tidlig, få invitasjoner til arrangementer og siste nytt om Innpuls.